top of page

Historia om Lensmannsstova

Header Historia vår.jpg

Lensmannsstova ligg på garden Lillebø på Hellesylt, midt i hjartet av Sunnmørsalpane.

​​​

Historia vår

16 juni 1890 gifta Lensmann Knut Amundson Hole seg med odelsjenta på garden, Oline Marta Hansdotter Lillebø. I åra etter bygde dei huset som seinare fikk namnet Lensmannsstova, og familien deira var den første som budde her.​

​

I 1978 vart det bygd nytt våningshus på garden, og Lensmannsstova vart ståande tomt. Synnøve og Hans Hole bor i dag på garden og driv den med lidenskap for tradisjon og bærekraft. På tidlig 2000-talet var dei nødt å avgjere om den gamle Lensmannsstova skulle rivast eller renoverast. Huset sine opprinnelege fargar vart skrapa fram, og etter utallige timar med arbeid vart huset renovert til si opprinnelege stand. I 2013 stod Lensmannsstova klar til å ta imot gjestar. 

​

Her får ein oppleve eit autentisk gardsliv med sauer og melkekyr. Synnøve og Hans skapar ei varm og personleg atmosfære for sine gjestar, og deler gledeleg historier og kunnskap om Lensmannsstova, garden og området rundt.

​​​

Lensmann Knut A. Hole.jpg

Lensmann Knut A. Hole

f.1856 - d.1942

Verneprisen 

I 2018 vart Synnøve og Hans tildelt Stranda Sogelag sin Vernepris for restaurering av Lensmannsstova. Prisen vert gitt for å framheve tiltak for godt vern av bygg, miljø og handverkastradisjonar i Stranda Kommune. 

Lensmannsstova-3.webp

Foto: Fredrik Stadheim

bottom of page