top of page

Overnatting

Lensmannsstova har fem soverom med plass til totalt 10 overnattande gjestar. Her kombinerast historisk sjarm med moderne komfort, og huset passar perfekt for både par, familiar og større grupper som ønskar ei autentisk oppleving. Huset har 2 felles bad av høg standard.

​

Minimum opphald er 3 overnattingar. 

​

Vi gjer merksam på at vi leiger ut antall rom.

Når du leiger eit rom med oss kan ein i nokre tilfeller oppleve å dele huset med andre gjestar.​​​​​​​​​​​

​​Mat og drikke

Frukost er inkludert i opphaldet dersom ein er 2 personar eller meir. Husets kjøkken er velutstyrt og kan elles bli brukt til eigne måltid.​

 

Vi tilbyr også lunsj og middag laga av lokale råvarer, og i kjellaren kan vi lage pizza i vår vedfyrte pizzaovn.

​

Vær oppmerksam på at medbrakt alkohol ikkje er tillate da vi har skjenkeløyve. Alkoholholdige drikkevarer kan kjøpast hos oss.​
​​​

IMG_6375.HEIC

Opphald for grupper

Vi tilbyr skreddarsydde gruppepakkar som kombinera overnatting, måltid og guida turar – perfekt for vennegrupper, familiar eller firma som ønsker ei unik og minneverdig oppleving. Om sommaren kan vi ta dykk med på guida fotturar i Sunnmørsalpane, medan vinteren byr på randonee-eventyr i spektakulære omgivnadar. Etter dagens aktivitetar kan ein slappe av i vår badstue eller vedfyrte badestamp, og nyte måltid laget av lokale råvarer.

bottom of page