Frøholm/Bjørdal: "Betty Mouat - med revna segl over Nordsjøen"

Søndag 12. oktober kl.19.00 vert det ei heilt spesiell konsertoppleving i Lensmannsstova på Hellesylt.
Då inviterer (harding)felespelar Britt Pernille Frøholm og trekkspelar Kristina Farstad Bjørdal publikum inn i den dramatiske forteljinga om Betty Mouat – kvinna frå Shetland som i 1886 vart drivande åleine over Nordsjøen etter at seglet på båten hennar vart riven sund i sterk vind. Ho skulle berre til legen i Lerwick, men havna i staden på ei farefull ferd som enda heilt på Lepsøya på Sunnmøre. Mot alle odds overlevde ho, og historia hennar står framleis som eit sterkt vitnesbyrd om uthald og livsvilje.
Gjennom konsertprogrammet «Betty Mouat – med revna segl over Nordsjøen» formidlar Frøholm og Bjørdal historia gjennom eit sterkt musikalsk samspel. Når Hardingfele møter det rytmiske drivet frå trekkspelet, oppstår eit lydbilete som spenner frå det rå og stormfulle til det stille og vare – som sjølve havet Betty kryssa.
Denne kvelden får dei også med seg to gjester frå dei legendariske Honndalstausene, Gunnhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole, som tilfører konserten både kraft, tradisjon og særpreg.
Arrangørane lovar ei konsertoppleving der historie, lokal forankring og levande folkemusikk smeltar saman, og inviterer alle til å ta del i ei uforgløymeleg reise over Nordsjøen – midt på Hellesylt.
Foto: Andras Hajdu



